Første gongen Amalie Knutsen spelte Fjorden Bingo blei det jackpot. Gevinsten deler ho med sambuaren Christer Berge, som spelte for andre gong denne veka.  Ho er opphavleg frå Røvær og han frå Haugesund.
Første gongen Amalie Knutsen spelte Fjorden Bingo blei det jackpot. Gevinsten deler ho med sambuaren Christer Berge, som spelte for andre gong denne veka. Ho er opphavleg frå Røvær og han frå Haugesund. FOTO: Privat

Bingolukke for ungt par

Radiobingo er i vinden for tida. I går var det Amalie Knutsen (19) og Christer Berge (22) som stakk av med jackpoten.

– Det var eigentleg Amalie som vann, men på førehand hadde me bestemt at me skulle dela om me vann. Ho hadde tre rekker, og mangla berre eitt tal. Eg tok akkurat eit bilde av dette, og akkurat då blei det ropt opp nummer 22, seier ein glad Christer Berge på telefon frå jobben i Franzefoss gjenvinning i Haugesund. Det var han som slo nummeret og kom på lufta.

Det gjekk ikkje heilt opp for paret kva sum dei hadde vunne, før bingoverten ringte i bjella. Dei kan no gle seg over å få 103.000 kroner på konto.

Joar Førde, kjend frå Fjorden Cowboys i Bingokanalen. Foto: Privat

Eigenkapital

– Me sleit litt med å få sova i natt, vedgår Berge, som vedgår at dei har fått tenkt litt på kva dei vil bruka pengane på.

– Me leiger eit hus i Sveio, nær Lyngholm, men me har vore i banken og søkt om huslån, så pengane vil nok hovudsakleg gå til eigenkapital. Men me må kosa oss litt også, seier den lukkelege bingovinnaren.

Sidan Amalie er på jobb i heimetenesta i Haugesund, har ho ikkje moglegheit til å snakka med avisa, men paret delte den kjekke nyheita på Facebook i går.
– Me fekk mange tilbakemeldingar, nokre litt misunnelege, nokon hadde slutta å spela, og andre skulle begynna å spela no, oppsummerer han. Og på jobben i dag vanka det både bollar og gratulasjonar.

Fjorden Cowboys

Fjorden Bingo på Bingokanalen er inspirert av Fjorden Cowboys som blei sendt på TV i perioden 2014 til 2019. Serien fulgte Leif Einar Lothe og Joar Førde som jobbar i anleggsbransjen i Hardanger.

Første sending av Fjorden Bingo var 29. april i år.