politi bil front
FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

Rusa mann nesten påkøyrd

Klokka 19.12 i går, onsdag fekk politiet melding om ein rusa mann som gjekk langs Gullvegen.

– Han gjekk såpass sjanglete at han nesten blei påkøyrd av bilar som køyrde forbi, opplyser vaktsjef Britt Jorunn Løvereide.

Vedkommande blei tatt hand om av helsevesen og innlagt. Vidare blei det gjort beslag i diverse narkotika, noko mannen i slutten av 40-åra blei meld for.