nyhende
Vikse gamle skule skal seljast
Sveio kommune går nå ut med tilbod til lag og organisasjonar om å kjøpa Vikse gamle skule.
Vikse gamle skule blei godkjent overdratt til Søre Sveio bygdeungdomslag i 1988. I samband med nedlegging av bygdeungdomslaget i 2016, aksepterte kommunen ei overdraging av bygget til Smørsund velforening, under føresetnad om vidareføring av forkjøpsrett og moglegheit for at andre lag og organisasjonar i krinsen kan overta bygget.
Smørsund bygdelag er ikkje oppløyst, men ønskjer ikkje lenger å sitja med bygget. Sveio kommune har fått førespurnad om å nytta forkjøpsretten, men kommunen ser ikkje nokon konkret nytte for bygget til eiga verksemd.
Derfor blir det nå undersøkt om andre organisasjonar i Vikse-krinsen er interesserte i å overta huset.
– Når det gjeld forkjøpsrett har me så langt ikkje fått tilbakemelding frå lag og organisasjonar som ønskjer å overta bygget, opplyser kommunalsjef i Sveio, Kenneth Tollefsen.
Sveio kommune oppfordrar interesserte til å ta kontakt.