Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

Ordføraren si spalte:

Kjære sveibu!

Elevane er no godt i gong med nytt skuleår. Eg opplever at Sveioskulen handterer smittevern på ein trygg og god måte. Eg ønsker alle lukke til med skuleåret, og håpar alle får eit lærerikt, sosialt og utviklande år.

Korona heng fortsatt over oss, og pregar kvardagen vår. Utbrotet me hadde i Sveio i månadsskiftet juli/ august viser det. Me er førebudd på lokale utbrot, og me fekk verkeleg vist at planar og rutinar fungerer godt. Rask og profesjonell handtering blant tilsette og i smittesporingsarbeidet var eit viktig bidrag til å få oversikt over situasjonen, og ikkje minst tryggleik for innbyggarar, dei berørte, tilsette, pårørande, kommuneleiing og meg som ordførar. All ros til det uvurderlege arbeidet som blei gjort. Eg vil trekke fram eit beundringsverdig arbeid som blei gjort på Sveio omsorgssenter, med svært god handtering av ei krevjande bemanningssituasjon, og ein stå-på-vilje blant dei tilsette. Det er gledeleg at alle som fekk påvist Covid-19 i dette utbrotet i Sveio no er friskmeldt.

Samferdsel er alltid eit stort tema, og den siste tida har me blant anna jobba med innspel til Nasjonal transportplan (NTP). E134 og Hordfast er viktige transportkorridorar for Sveio, og det vert kontinuerleg arbeida med å sette fokus på desse prosjekta.

Styringsgruppa i Haugalandspakken har handsama og votert over korleis resterande midlar i bompengepakken skal prioriterast. Det enda ikkje med eit samrøystes vedtak, men eit bredt fleirtal av kommunane, representerte av ordførarane, var tydelege på å støtte Sveio sitt forslag om å bygge deletappen Ekrene-Vikse. Dette strekket er svært trafikkfarleg, og me meiner det er behov for at ein byrjar med denne deletappen. Det er Rogaland og Vestland fylkeskommune som skal ta den endelege avgjerda, og eg håpar fylkespolitikarane lyttar til kva kommunane sjølv meiner er den beste prioriteringa av resterande midlar.

Lokalt i Sveio er gravearbeidet med ny gang- og sykkelveg mellom Vikse skule og Straumakrysset no i gong.

I samband med vedtak i kommunestyret om utgreiing av framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio, har kommunen søkt om tilskot frå både Vestland og Rogaland fylkeskommune til dette arbeidet. Eg ser det som avgjerande at begge fylkeskommunane er aktivt med i denne prosessen. Me treng eit bredt og godt fagleg faktagrunnlag for å kunne ta ei vurdering på kva fykestilhøyrsle Sveio er best tent med i framtida. Eg håpar derfor både Rogaland og Vestland fylke er sitt ansvar bevisst, og er positiv til å gi tilskot til utgreiingsarbeidet.

Ordføraren har vore på Sjøhuset i Buavåg, der det var konsert med Jimmy Næs, som framførte Ingvar Moe sine tekstar. – Det er kjekt at Gullforeningen har fått til dette eine arrangementet i Kystsogevekene i Koronaens tid, seier Linn Therese Erve. Foto: Privat

Kystsogevekene kunne ikkje gjennomførast slik som tidlegare år, grunna Covid-19. Gullforeningen fekk til eit arrangement; konsert med Jimmy Næs, med framføring av Ingvar Moe sine tekstar. I sommar er det og gjort eit stort stykke arbeid med å sette opp kjøken i Sjøhuset i Buavåg. Veldig kjekt å vere på Gullnaustet.

Til slutt vil eg anbefale alle å ta turen til Ryvarden etter at Flokehyttene er ferdigstilt i løpet av oktober. Eg gler meg til å overnatte der, og håpar mange vil gjere det same.

Hald avstand. Vask henda. Hald deg heime dersom du har symptom på Covid-19.
Viktigast av alt – ta vare på kvarandre.

Linn Therese Erve,
ordførar