Statens vegvesen er ute med ny gratis teneste.
Statens vegvesen er ute med ny gratis teneste. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Ny søketeneste – sjekk kven som eig bilen

Statens vegvesen har lansert nye søketenester for eigar- og køyretøyopplysningar.

Med dei nye løysingane kan du sjølv logga deg inn på Din side på vegvesen.no og finna opplysningar om køyretøy og eigarar, og det utan at det kostar deg noko. Du har også fram til nå hatt moglegheit til å finna ut kven som eig eit bestemt køyretøy via ein SMS-teneste du måtte betala for.

I den nye tenesta får du opp både eventuelle medeigarar, leasingtakarar, og frå hausten av full eigarhistorikk. Kilometerstanden på bilane er også tilgjengeleg i den nye tenesta, så snart du har logga inn.