Melen i Fitjar.
Melen i Fitjar. FOTO: Jonas Eldøy

Tur til Melen på Fitjar

Søndag 13. september legg Sveio turlag ut på ei vandring til Melen (499 m.o.h.) på Fitjar. Fjelltoppen vert gjerne kalla Melsåto. Også ikkje-medlemmer er velkomne til å vera med! Kjentmann Jonas Eldøy tek oss med på ein om lag 3,5-4 timars middels krevjande rundtur på god traktorveg til Ytste Sørlivatnet (248 m.o.h.) og på sti opp til Melsåto. Derfrå går vi vidare ned mot Klovskardsvatnet, der vi møter stien som går ned att til Dalshaugane. Turleiarar er Leif Hovda og Ingvar Nymark.

Elisabeth Hauge Bakke
Sveio turlag