nyhende
Forholdsreglar på handletur?
Helsedirektoratet si anbefaling til daglegvare-butikkane er styrka reinhald av ofte berørte kontaktpunkt.
Koronavirus smittar i hovudsak ved dråpesmitte frå luftvegane hos ein smitta person, eller ved direkte eller indirekte kontakt. Det er større sannsynlegheit for å smitta ved at ein står tett i kø, enn at ein berører dei same kontaktpunkta. Smitte via matemballasje er også lite sannsynleg.
Helsedirektoratet sitt råd til kundar er derfor å halda éin meter frå andre personar, og vaska hendene godt og ofte. Dei rådar også til å bruka digital betaling der det er mogleg, for å redusera tal på kontaktpunkt.