unnamed
FOTO: Kjetil Fyllingen

Smitteutbrot i Bergen:

Avlyser seminar i Auklandshamn

Onsdag 16. september skulle Pinsemenigheten Filadelfia og Sjustjerna i Sveio vore saman om eit seminar på Filadelfia i Auklandshamn der Jarle Haugland frå Tro & Medier skulle undervist. Temaet hans skulle vore: «Kristen i eit etterkristent mediebilde – korleis gjera Jesus synleg?»

Men Haugland bur i Bergen. På grunn av mange nye tilfelle av covid-19 dei siste dagane, er Bergen blitt ein «raud» by i koronasamanheng. Strenge lokale smitteverntiltak er derfor sette i verk. Eitt av dei er ei oppmodig om å avgrensa reising til og frå byen mest mogleg. Jarle Haugland, leiinga i Filadelfia og i Sjustjerna er derfor samde om å av å avlysa seminaret onsdag og utsetja besøket frå Bergen til ein seinare dato. Truleg blir dette først etter nyttår.

Dette opplyser Einar Vestvik frå Filadelfia i Auklandshamn til Vestavind.