Illustrasjonsbilde
Illustrasjonsbilde FOTO: Johnny Vaet Nordskog

Dugnad for naturen i helga

Ei IPSOS-undersøking frå i sommar viser at forsøpling i naturen er det nordmenn irriterer seg mest over på tur. Denne helga inviterer Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent heile Noreg til å gjera noko med saka.

12.-13. september blir heile landet invitert til å ta ein tur med meining, og på den måten bidra til ein nasjonal ryddedugnad for naturen.

– Me oppmodar alle som har moglegheit til å gå ein tur, og på same tid gjera ein liten innsats som har stor betydning for naturen og trivselen, forklarar Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Tur med meining er eit samarbeid mellom Friluftslivets uke og Strandryddeuka, og det er fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent som er initiativtakarar.

Du treng ikkje gå langt, eller ha spesielt utstyr.

– Dei fleste har ein sti, ein skog eller eit friluftsområde i nærleiken av seg som kunne trengt litt kjærleik. Ta med deg ein pose og gå ein tur der du plukkar med deg søpppel du finn, og kastar i eigen søppeldunk, seier Heimdal.

Dersom ein kjem over eit område med meir søppel enn ein sjølv kan handtera, bør dette meldast inn på rydddenorge.no eller i appen Rydde, slik at det kan takast tak i under ein ryddeaksjon.