Skjermbilde 2020-09-09 kl. 13.50.56
FOTO: Irene Flatnes Haldin

Fotballskulen blir i september

Sidan Tine fotballskule ikkje kunne avviklast som normalt i samband med sommarferien, er helga 18.-20. september sett av til leik og læring på Sveio IL sin arena.

– Det vil bli eit litt anna oppsett på programmet i år, men ein vil framleis få sekk og drakt frå Tine, seier leiar for fotballgruppa, Ine Salte Andersen.

Det er eit tak på 100 deltakarar frå 1.-7. klasse, rundt halvparten av plassane er fylt opp. Ein kan bli med om ein er medlem frå før, eller har lyst til å prøva ut idretten. Meir informasjon om både fotball og fotballskule er å finna på Sveio IL Fotball si side på Facebook, eller på arrangementet for fotballskulen.