Dersom barn har symptom på luftvegsinfeksjon, skal ein etter dei nye retningslinjene sjå an formen nokre dagar. Illustrasjonsfoto
Dersom barn har symptom på luftvegsinfeksjon, skal ein etter dei nye retningslinjene sjå an formen nokre dagar. Illustrasjonsfoto FOTO: Irene Flatnes Haldin

Retningslinjer for skular og barnehagar:

Når bør ungane haldast heime?

I desse dagar er det lett å bli rådvill når skule- eller barnehageungen kjem med rapport om vondt i halsen eller stemma begynner å bli hås. Sveio kommune har dei nye retningslinjene som viser veg.

Utdanningsdirektoratet kom onsdag 9. september med informasjon om når barn og tilsette skal vera heime frå skule og barnehage, og når ein bør testast for covid-19.

Generelt skal barn og tilsette med milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle ikkje møta i skule eller barnehage, men halda seg heime til allmenntilstanden er god. Om ein kjenner seg frisk og feberfri kan ein returnera, sjølv om ein har symptom på luftvegsinfeksjon.

Tilsette
med luftvegssymptom bør følgja Folkehelseinstituttet (FHI) sine anbefalingar for testing.

Per september 2020 vil det seia at alle vaksne i skular og barnehagar som har luftvegssymptom utan kjend årsak, blir testa og held seg heime til svaret er klart. Er testen negativ og allmenntilstanden god, kan dei komma tilbake.

Barnehagebarn
som har feber og hoste bør testast. Ved lette symptom på luftvegsinfeksjon utan feber, ser ein an tilstanden heime nokre dagar. Blir ikkje barnet betre, er testing anbefalt. Blir barnet raskt bra, kan det komma tilbake utan at det har blitt testa.

Barneskuleelevar
som har feber og hoste bør testast. Ved lette symptom på luftvegsinfeksjon utan feber, ser ein an tilstanden heime nokre dagar. Blir ikkje eleven betre, er testing anbefalt. Blir eleven raskt bra, kan ein komma tilbake utan at ein har blitt testa.

Ungdomsskuleelevar
som har feber og hoste bør testast. Elevar med luftvegssymptom bør følgja Folkehelseinstituttet (FHI) sine anbefalingar for testing.

Per september 2020 vil det seia at alle elevar i ungdomsskulen som har luftvegssymptom utan kjend årsak, blir testa og held seg heime til svaret er klart. Er testen negativ og allmenntilstanden god, kan dei komma tilbake.

Les meir på Sveio kommune.

Høyr med testsenteret først

Personar frå Sveio skal testast i Tysvær (Aksdal). For å testast må du først kontakta testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Testsenteret kan kontaktast på tlf. 52 75 74 00 (kvardagar kl. 08.30–15.00).