Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto FOTO: Irene Flatnes Haldin

Ber om lokal støtte til folk i naud

Fem politiske parti ønskjer at Sveio kommune viser si støtte til fluktningar på den greske øya Lesvos.

I helga blei det forfatta ein førespurnad til ordføraren og resten av politikarane i kommunestyret, ein såkalla interpellasjon. Vestavind har fått ein kopi av initiativet, som dreier seg om å signera eit opprop om at Noreg skal bidra til evakuering av barn og familiar i fluktningeleiren Moria.

Mangar kommunar har signert

126 kommunar i heile landet har til no slutta seg til oppropet som vedrører den største fluktningeleiren i Europa. I interpellasjonen går det fram at tilhøva har vore vanskelege lenge:

I fem år har organisasjonar, hjelpearbeidarar og frivillige åtvara om skadelege leveforhold særleg for borna. No er situasjonen so akutt at ein må evakuera dei hardast råka straks. Moria brenn. Regjeringa vil henta hit 50 flyktningar frå Syria. Fleire kommunar meiner det er eit alt for lågt tal. Dette er eit spørsmål om solidaritet. Me har eit humanitært og moralsk ansvar for å hjelpa.

Skal opp i neste møte

Saka, som er forventa tatt opp i kommunestyremøtet 21. september,

Arne Valen i Sveio Senterparti, her fotografert i ein annan samanheng. Foto: Einar Vestvik

foreslår at Sveio støttar oppropet «Evakuer barna i Moria». Det er Arne Valen i Sveio Senterparti som har sørga for at oppropet kjem på dagsorden lokalt. Med på signaturplass er også MDG, SV, KrF og Høgre.

Sjølve oppropet kan du lesa på evakuermoria.org