Dronefoto: Svein Aase
FOTO: Svein AaseBilde 1 av 4
Flokehyttene ved Ryvarden fyr står framfor ein manndomsprøve laurdag kveld og natt til sundag.
ARKIVFOTO: HAAKON NORDVIK
Flokehyttene ved Ryvarden fyr står framfor ein manndomsprøve laurdag kveld og natt til sundag. ARKIVFOTO: HAAKON NORDVIK FOTO: Haakon NordvikBilde 2 av 4
Flokehyttene 3. Foto Haakon Nordvik
FOTO: Haakon NordvikBilde 3 av 4
Foto: HAAKON NORDVIK
FOTO: Haakon NordvikBilde 4 av 4

Opnar for bestillingar denne veka

Frå 16. oktober kan du overnatta i Horda-Kåre, Vilgerd, Geirhild, Tjodgerd eller Faxe. Bookinga blir opna på torsdag.

– Det har vore stor etterspurnad på bestillingar dei siste månadane, og endeleg har me ein dato me kan offentleggjera. Det utvendige arbeidet er så godt som ferdig, nå gjenstår dei siste detaljane på interiøret, seier Rolf Svendsen, prosjektleiar i Haugesund Turistforening i ei pressemelding.

Rolf Svendsen. Foto: Haakon Nordvik

Med over fem meter breie vindauge, er det utsikta som skal i fokus. Små og funksjonelle hytter med alt du treng. Hyttene har fullt utstyrt kjøkken, eige toalett og vask, peis og plass til fem overnattingsgjester. Den største hytta, som er dobbel så stor som dei andre, har plass til ti og er tilpassa rullestolbrukarar.

Historiske namn

Kvar av Flokehyttene får namn etter familie og personar rundt vikingen Floke Vilgerdsson, han som i år 869 segla ut frå Ryvarden som ein av dei første for å busetja seg på ei øy han gav namnet Island. Så snart kan du besøka Horda-Kåre, Vilgerd, Geirhild, Tjodgerd eller Faxe.

– Når me set opp hytter på ein slik plass, vil me vera med på å ta vare på historia, og ikkje minst vera med på å formidla den vidare, seier Svendsen.

Slik bestiller ein overnatting

Frå klokka 10, torsdag 17. september kan du bestilla overnatting i ei Flokehytte. Ut.no er portalen for DNT-hytter og ruter, her vil ein også finna lenke til bestilling av dei nye hyttene på Ryvarden. Ein kan også benytta seg av flokehyttene.no

Heilårshyttene til Haugesund Turistforening har fått økonomisk støtte av Sparebankstiftelsen SR-Bank, Sveio kommune, tidlegare Hordaland fylkeskommune (no Vestland), og ein privat givar.