nyhende
Redusert tilbod til elevane
Barnetrinnet på Sveio skule vil på ubestemt tid ha redusert tilbod om helsesjukepleiar.
Rektor ved Sveio skule, Ben Jerry Ellingsen tykkjer det er trist at tilbodet blir halvert.
– Ei reduksjon i helsesjukepleiar ved skulen er sjølvsagt ei utfordring med tanke på sårt trengte samtalar/oppfølging med elevar. Denne tenesta er særs viktig for skulen og det er trist når tilbodet for barneskulen blir halvert. Koronasituasjonen får innverknad på mange plan, og nå dette. Me ser fram til normale tilstandar og full drift igjen på helsesjukepleiaren, seier Ellingsen.
To årsverk
Tre helsepersonar i Sveio kommune skal dekka to årsverk ved koronasenteret i Aksdal. Det eine årsverket er fordelt på helsesjukepleiar Ritha Førland og Kjersti Førre Halsne. Sistnemnde er helsesjukepleiar på barnetrinnet på Sveio skule, og vil ei tid framover berre vera på Sveio skule to dagar i veka. Dei to andre dagane er ho sett til å jobba på koronasenteret i Aksdal.
– Det har ikkje vore noko lett avgjerd å ta, seier ei ordknapp, Kjersti Førre Halsne. På spørsmål vedrørande bemanningssituasjonen henviser ho oss vidare til administrasjonen.
– Ikkje optimalt
Kommunalsjef Ingunn Toft forklarar situasjonen slik: – Helsesjukepleiarane blei brukt ved oppstart av testsenteret då helsestasjonen stansa ordinær aktivitet grunna koronasituasjonen som oppstod i mars. Dei har gjort ein fantastisk jobb ved testsenteret, og fått ny kompetanse og erfaring. Me har plan for moglegheit for testing av inntil 5 prosent av innbyggjarane, noko som vil utgjera rundt fire årsverk. Eitt av årsverka er bemanna med helsesjukepleiarar noko som ikkje er optimalt, med den løysinga som er nå. Det blir i dag arbeida med bemanning av testsenter på lengre sikt, og så må me vurdera korleis me kan gjera dette på ein god måte, seier Toft.