Mange dekk og anna avfall på sjøbotnen blei teke opp då Slettaa dykkerklubb Haugaland hadde opprydningsaksjon i Valevåg i november 2019.
Mange dekk og anna avfall på sjøbotnen blei teke opp då Slettaa dykkerklubb Haugaland hadde opprydningsaksjon i Valevåg i november 2019. FOTO: Arkiv

Arrangerer strandryddedag i oktober

Lørdag 10. oktober blir det lagt til rette for ein storstilt plastryddeaksjon langs strendene i Sveio.

Aksjonen er i regi av Sveio kommune og Sveio Frivilligsentral, medan Slettaa Dykkerklubb er ein viktig samarbeidspartnar for å koma i hamn med aksjonen. I tillegg kjem lokale aktørar, blant anna Lerøy og Bremnes Seashore som stiller med båtar.

Ragn-Sells er samarbeidspartnar når det kjem til konteinarar og handtering av avfallet. Det blir fire basestasjonar; Bua, Lyngholm, Auklandshamn og Valevåg.

– Frå tidlegare aksjonar har me sett kor mykje plast som har blitt samla inn langs kystlinja vår. Det er eit stort problem og viktig å setja fokus på dette, både lokalt og globalt. Men òg kva me kan gjera kvar enkelt av oss. Små tiltak utgjer ein forskjell, fastslår ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.