To nøster som er redda ut frå ein kattekoloni.
To nøster som er redda ut frå ein kattekoloni. FOTO: Frida Pettersen/Dyrebeskyttelsen Norge Bodø

Dyrebeskyttelsen Norge har hatt ein travel sommar:

Kattar utpeikar seg i Sveio

Dyrebeskyttelsen Norge har hatt ein travel sommar. Sveio er ikkje noko unntak, her er det mest kattungar og koloniar med kattar som går igjen.

På trass av at fleire har halde seg heime denne sommaren, har tal dyr som har fått hjelp av Dyrebeskyttelsen Norge sine 27 lokalavdelingar eksplodert. Organisasjonen krever at myndigheitene tar grep for å ivareta dyra sine lovfesta rettigheiter.

Minst 30 kattar årleg

Dyrebeskyttelsen Norge Haugaland har hatt sitt å gjera i Sveio.
– Me har veldig mange saker i Sveio, ein stor del kattungar og koloniar. Det blir henta inn minimum 30 kattar frå Sveio årleg, får Vestavind opplyst.

Krevjer ID-merking

Åshild Roaldset, dagleg leiar og veterinær Dyrebeskyttelsen Norge. Foto: Anne K. Harkestad

– Obligatorisk ID-merking er den naturlege løysinga på dette problemet. ID-merking plasserer ansvaret for dyret hos dyreeigar, der det høyrer heime. Dette blir betalt av eigaren, og er ein eingongskostnad. Det er på tide at politikarane får på plass dette enkle tiltaket for å beskytta dyra våre, seier Åshild Roaldset, veterinær og dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge.

Mating ute samlar kattane

Kattar og kaninar som bur i koloniar er ofte prega av generasjonar med innavl og helseskadar, mange av dei er i så dårleg tilstand at dei må avlivast.
– Mange katteeigarar og generelt dei som sørgjer for matressursar til ein katt, tilbyr dette utandørs. Dette gir ein god grobotn for ansamling av både eigde kattar og kattar som har kome vekk frå heimen sin. Slik oppstår kattekoloniar, forklarar Inger Johanne Graff, styreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge Bergen og Hordaland.