Frå 15. september er bålforbodet oppheva.
Frå 15. september er bålforbodet oppheva. FOTO: Vestavind arkiv

Nyt hausten, vis bålvit

No er det generelle bålforbodet oppheva i heile landet. – Nyt hausten, og vis bålvit, oppmodar Norsk Friluftsliv.

Grunna skogbrannfare er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. Då forbodet blei oppheva denne veka, kan mange sjå fram til lange haustkveldar rundt bålet.

– Retten til å tenna bål i skog og mark er ein viktig del av allemannsretten. Så lenge ein viser bålvit og er merksam på skogbrannfare, er det berre til å komma seg ut og nyta hausten, seier Siri Meland, fagsjef samfunnskontakt i Norsk Friluftsliv.
Før du fyrer opp bålet er det alltid viktig at du forsikrar deg om at det er trygt, og set deg inn i lokale forhold.

Sjekk forholda

– Det er viktig å vera klar over at det på nokre stader er lokale bålreglar. Ver også merksam på vêr- og vindforhold der du er, og sjekk at det ikkje er for tørt i naturen rundt deg, seier Meland.
Ho minner også om at med retten til å hygga seg i naturen, følgjer det også med plikter – som å rydda opp etter seg.

Les meir om bålbrenning på Haugaland brann og redning iks.