Ei korona-sikra forsamling klar for Songquiz.  Denne onsdagskvelden blei salmar og bedehussongar henta fram frå gløymselen og sunge med stor kraft.
Ei korona-sikra forsamling klar for Songquiz. Denne onsdagskvelden blei salmar og bedehussongar henta fram frå gløymselen og sunge med stor kraft. FOTO: Arild Steinsland

Songquiz på soknehuset

Den årlege basaren i regi av Sveio bedehus til inntekt for drifta av Sveio soknehus gjekk i år ut. I staden blei det korona-sikra songkveld med songquiz, leia av Leiv Rossehaug.

Salen denne kvelden blei delt i to lag. Leiv både siterte frå tekstar og nynna melodiar, og salen fekk i oppdrag å finna svaret. Ein utruleg kunnskapsrik gjeng klarte i fellesskap å finna svaret på dei fleste av spørsmåla. Andakten vart halden av sokneprest Arild Steinsland. Tema var «vi har ein stor skatt, av og til kan vi gløyme kor stor han er».

Kjenner du songen?

Etter kaffipause og twist held Leiv fram med å presentera «raudlista» songar. I følge Leiv er dette songar som ikkje har vore sungne på mange år og som difor er i ferd med å døy ut. Fleire kjente salmar og bedehussongar, mest kjente frå 1970 og 80-talet, blei henta fram frå gløymselen og sunge med stor kraft på soknehuset denne onsdagskvelden.

Og penger til drifta av soknehuset blir det også i 2020. Dei 42 tilstades gav ei stor gåve til drifta på 14.300 kroner. Og alle var einige om at det hadde vore ein gild kveld.

Arild Steinsland

Selfie av sokneprest Arild Steinsland. Foto: Arild Steinsland