nyhende

Tv-aksjonen 2020
– TV-aksjonen handlar ikkje berre om å samla inn pengar, men like så viktig er den kunnskapsrelaterte delen, dét at me set fokus på eit svært høgaktuelt tema, nemlegkampen mot plast i havet, seier ordførar Linn Therese Erve (i midten). Her saman med leiar i Sveio frivilligsentral, Kristianne Uri og ungdomskoordinator Flemming Lothe.

Til kamp mot plastforsøpling

Søndag 18. oktober er dagen for årets TV-aksjon. I år går innsamla midlar til å bekjempa plast i havet. Pengane går til WWF (Verdens naturfond), aksjonen har fått namnet «Et hav av muligheter».

Publisert Sist oppdatert

I år går NRK sin store innsamlingsaksjon til WWF og kampen mot plast i havet, blant anna gjennom målretta tiltak i storbyar i Vietnam, Thailand, Filippinane og Indonesia.

Digital aksjon

På grunn av smittevernet må ein i år samla inn pengar via digitale løysingar. Alle får likevel gode moglegheiter til å bli med å bekjempa plast i havet, sjølv om det ikkje kjem fysiske bøsseberarar og bankar på dørene.

Årets aksjon blir annleis på mange måtar, og dét vil naturleg nok gjera utslag på resultatet.

Kristianne Uri er glad for bestemor sitt gamle handlenett, det er eit godt val kontra handleposar i plast.

– Me veit det er mange, både privatpersonar og næringslivet, som har vore gjennom eit tøft halvår grunna covid-19, det er difor ikkje å forventa at alle har moglegheit til å gje så mykje som dei ønskjer, fastslår leiar i Sveio frivilligsentral og aksjonsleiar, Kristianne Uri.

Fredag sat ho i planleggingsmøte saman med ordførar Linn Therese Erve og ungdomskoordinator i Sveio, Flemming Lothe. Dei er tre blant mange som er involvert i aksjonen i Sveio.

– Me er heldige her i Sveio, me er ein liten kommune med mange trufaste folk som alltid stiller opp, fastslår trioen.

– Lokalt prøver me å tenkja praktisk på korleis synleggjera årets tema, me vil blant anna oppfordra næringslivet til å engasjera seg, vera synlege. Eit eksempel kan vera å marknadsføra TV-aksjonen på sine nettsider, seier Erve.

Konkurranse

Flemming Lothe har det siste halve året gått online for å halda kontakt med ungdomen i Sveio, eit tilbod som har blitt godt motteke. Lothe fortel at han no er i tenkeboksen om korleis han kan engasjera dei unge i samband med TV-aksjonen.

– Eg ser for meg ein videokonkurranse, med tema Havet, og kor livsviktig det er å ta tak. Nyleg las eg ei fersk studie, utført av forskarar ved eit universitetet i Australia, som viser at me menneske får i oss plast tilsvarande eit kredittkort i veka berre gjennom vatnet me drikk, seier Lothe engasjert.

Den enklaste måten å engasjera seg på i samband med TV-aksjonen 2020, er å oppretta ei eiga digital bøsse og samla i ditt nettverk. På blimed.no finn du opplegg både for privatpersonar, skular, barnehagar og organisasjonar.

Powered by Labrador CMS