Bua kultur- og friluftsbarnehage hadde i forkant av besøket gjennomført ei brannøving med evakuering. Det vart difor svært realistisk då brannbilane kom.
Bua kultur- og friluftsbarnehage hadde i forkant av besøket gjennomført ei brannøving med evakuering. Det vart difor svært realistisk då brannbilane kom. FOTO: Privat

Brannvesenet med minikortesje for barnehagane

Høyrde du sirener og møtte utrykningskøyretøy i kortesje i dag? Ingen fare på ferde – barnehagebarn skulle gledast.

– Møt opp og vink til oss i brannvesenet, var meldinga til barnehagane. Med sirener og blinkande lys køyrde Haugaland brann og redning iks innom alle barnehagane i Sveio på torsdag.

– Brannvernveka betyr vanlegvis at små og store blir invitert til Open brannstasjon her i vårt område. Men av smittevernomsyn blei det ikkje slik i år. I staden møter me borna der dei er, opplyser Karl Salvesen i Haugaland brann og redning iks.

Etaten køyrer denne veka ut til alle barnehagane i sitt distrikt. Det vil seia sju av dei åtte kommunane. På Utsira blir det laga eit eige opplegg.