nyhende

Mange jaktar på Mikkel Rev

For ein jeger er kjensla av å ha lurt ein rev heilt konge. Ikkje minst om reven i forkant har herja stygt i saueflokken og kanskje attpåtil har forsynt seg grådig i hønsehuset.

Publisert Sist oppdatert

Det var munter stemning på brannstasjonen i Leitevegen då jaktfolk måndag sist veke, møtte opp for å fremja krav om utbetaling av skotpremie. Det blei framvist stivfrosne dyreskrottar og avskorne revelabbar, noko alle viste stor interesse for. For reven har herja stygt i både saueflokkar og hønsegardar i lang tid, og for å få bukt med den aukande revebestanden viser jegerane ingen nåde.

Viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge, stilte med øks og avbitartang då han tok imot rev og mink frå jaktfolk. Kjetil Fosse (i midten) kom for å henta ut premie for éin skoten rev. Fosse driv gard på Tveit, der har han 260 vinterfôra sauer, og kunne tidlegare i år setja øyremerke på 510 lam. Til venstre Vidar Høyland som leverte frå seg 36 revelabbar, på vegne av seg sjølv og ein jaktkamerat.

Dokumentasjon

Ein må vera autorisert jeger for å innkassera skotpremie på rev og mink. Skoten rev skal visast fram og bli kontrollert av Sveio kommune, som skriv ut attest og klypper neglene på alle fire labbane på dyret. Rev må fellast innafor ordinær jakttid, mink kan fellast heile året. For vaksen mink er skotpremien 100 kroner. For rev utgjer skotpremien 350 kroner for vaksne dyr, i tillegg gir Sveio sau og geit inntil 200 kroner i tilskot.

Viltansvareleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge, held orden på registreringa. Til sist klypper han neglene på alle fire føtene til dyret som dokumentasjon.

36 revelabbar som tidlegare har luska rundt i Valestrandtraktene.
Hans Arne Våge t.v. har skote mange revar i sitt liv, på det meste 58 stykk på eitt år. Det var på 1980-talet. No nøyer han seg med å ha ei båsfelle på eigedomen sin i Vågedalen. Her saman med Dagfinn Bjørge.

Oppdaga stort revehi

Leiaren for Sveio jakt- fiske og naturvernforbund,Vidar Høyland, har med seg 36 labbar i ein plastpose. Bjørge noterer fire dyr på revejegeren frå Straumøy, og fem på jaktkameraten hans, Bjørn Christian Kallevik.

– Me mister i snitt 8-10 lam i året. Revehiet er lokalisert rundt ein kilometer frå gardshusa våre. Det er snakk om eit stort revebol på 5×40 meter, liggjande i ein skråning. Kameraten min kalla det «dødens dal» då han såg alle leivningane etter sau og lam som låg strødd utover, og kjende på den ekstreme lukta, fortel Høyland. Få veker før hadde far hans, Nils Høyland, mista ein sau, men på denne tida var det for seint å røva hiet.

Jakttida for rev er frå 16. juli til og med 14. april. Utbetaling av skotpremie blir utbetalt i desember. Det er ikkje tillate å jakta i yngletida, men det kan gjevast løyve til hijakt dersom reven er årsaka til vesentleg skade på beitande bufe.

Mykje rev i Sveio

Ifølgje viltansvarleg Bjørge er det hittil i år utbetalt skotpremie på 32 revar og to mink i Sveio kommune. I 2019 blei det utbetalt skotpremie på 84 revar, året før 58.

– Eg har inntrykk av at det for tida er stor revebestand i Sveio, bestanden har heller ikkje blitt regulert med skabb dette året, så langt har eg berre høyrt om eitt tilfelle og det var på Vassli, kommenter Bjørge. Neste tidspunkt for innlevering av vilt er første måndagen i desember.

Powered by Labrador CMS