Lag og organisasjonar tener pengar til eigne aktivitetar ved å halda basarar, cupar og konkurransar, til dømes. I år har mykje av dette blitt avlyst. For at offentlege og private verksemder kan halda fram med aktivitet, er det no mogleg å søkja fylket om pengar. Illustrasjonsfoto frå Storbasar i Førde 2014, der maskoten Fjærdinan blei presentert.
Lag og organisasjonar tener pengar til eigne aktivitetar ved å halda basarar, cupar og konkurransar, til dømes. I år har mykje av dette blitt avlyst. For at offentlege og private verksemder kan halda fram med aktivitet, er det no mogleg å søkja fylket om pengar. Illustrasjonsfoto frå Storbasar i Førde 2014, der maskoten Fjærdinan blei presentert. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Vestland fylkeskommune:

Lyser ut 17,8 millionar kroner til kultur og idrett

Pengane skal gå til ordinær aktivitet på kultur- og idrettsfeltet og skal bidra til å oppretthalda aktivitet på trass av tapte inntekter som følgje av covid-19.

– Koronakrisa gjer at mange aktørar har måtta redusera aktiviteten sin betrakteleg, og dei har ikkje fått den innteninga dei skulle hatt. Pengane vi lyser ut no er ekstraordinære midlar som skal gå til ordinær aktivitet. Vi vil bidra til å oppretthalda aktivitet på både idretts- og kulturfeltet, sjølv med dei restriksjonane som pandemien fører med seg, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.

Hovudutvalet vedtok å lyse ut midlane i møtet 16. september. Det kjem meir informasjon om korleis ein går fram for å søkje om dei ekstraordinære koronamidlane på nettsida til fylkeskommunen når dette er klart.

Lyser ut breitt

Søknadsfristen blir 1. november, og det er mogleg å søkje om støtte til aktivitet i både 2020 og 2021. Hovudutvalet har bestemt at pengane skal lysast ut breitt inn mot felta idrett og friluftsliv og både frivillig og profesjonelt kulturliv.

– Vi meiner det vil gagna flest og fungera best om me gjer det slik, heller enn å lysa ut midlane i stramt definerte ordningar. Mange blir ikkje plukka opp av dei statlege ordningane, og det er desse vi ønskjer å nå i denne omgangen. Slik vil vi vera med og gje kultur- og idrettssektoren mest mogleg føreseielege rammer for å halde oppe aktiviteten, seier Davies.

Kjelde: Vestland Fylkeskommune