Norske pass.
Norske pass. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Sjekk når passet ditt går ut

Sjølv om det kan gå ei lang tid før du skal ut å reisa, kan det vera lurt å fornya passet alt no.

Det er få som skal utanlands den nærmaste tida, men informasjon frå helsemyndigheitene tilseier at det mogleg kan endra seg i løpet av neste år. Når det etter kvart blir trygt å reisa til utlandet vil mange ha behov for nytt pass, noko som kan føra til lang ventetid ved passkontora, opplyser Politiet.

Oversikt på nett

Oppmodinga frå Sør-Vest politidistrikt er klar: Sjekk gyldigheita på passet ditt no. Dersom det er behov for å fornya, vil det vera ein stor fordel å bestilla time på passkontoret alt no.

Politiet sine nettsider gir god oversikt over ledige timar ved dei ulike passkontora.

ID-korta kjem

I løpet av oktober og november kjem nye pass og ID-kort, innføringa vil påvirka pågangen og kapasiteten ved passkontora.

– Det er viktig å presisera at passet du har i dag, eller det du eventuelt fornyar før dei nye passa blir lansert, er gyldig fram til utløpsdato. Du treng altså ikkje bestilla enda eit nyt pass etter at dei nye blir lansert, dersom du alt har eit pass som er gyldig, seier lokal innføringsansvarleg for nye pass og ID-kort i Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Optun.

Slik vil det nasjonale ID-kortet sjå ut.
Foto: Foto: Politiet