nyhende
Koronasenteret i Aksdal:
Testar med ro og stødige hender
– Dei aller fleste som ringer inn til oss ønskjer å testa seg, er redde for at dei kan smitta andre. Me har god kapasitet, og låg terskel for å få det ut av verda, seier Tove Stølsvik på koronasenteret i Aksdal.
Utanfor ein nedlagt barnehage på baksida av badeanlegget i Tysværtunet, står eit telt det nesten er umogleg å ikkje få auge på. Bilane køyrer inn i, blir ståande eit minutt eller så, før dei kan dra vidare og venta på svar om eitt til to døgn.
Då skulane og barnehagane starta opp etter sommarferien var det flest ungar innom teltet i Aksdal, no er det mest vaksne og godt vaksne som bestiller seg time for å utelukka korona.
Fem prosent på ei veke
Tilbodet er eit samarbeid i regi av kommunelegane i Sveio og Tysvær, Ståle Andreassen og Mariann Eintveit Lie. Dei har ansvar for det faglege innhaldet på senteret, det er eit godt samarbeid mellom dei to legane og helsepersonellet på senteret, får me vita.
Dei siste vekene har det blitt tatt korona-test av mellom 50 og 70 personar kvar dag, hips om haps er sveibu og tysværbu innom.
– Me høyrte lite frå Sveio i starten, men frå sommarferien har me sett meir og meir til sveibuen, seier Stølsvik, som sjølv er fødd og oppvaksen i Sveio.
Ho er ei av dei fem som har fast jobb på senteret, alle med ulik helsefagleg bakgrunn. I tillegg finst det tilkallingspersonale, som kan stilla dersom det blir behov for det. På éi veke er det nemleg sagt at testsenteret skal kunne utføra testar på fem prosent av folketalet i Sveio og Tysvær.
I mars gjekk ho frå å vera helsesjukepleiar på helsestasjonen i Aksdal eine dagen, til å bli med å byggja opp koronasenteret den andre dagen.
Elektronisk timeavtale
Ting har endra seg sidan oppstarten, og alt flyt mykje betre no. Prøvane blir plukka opp av personale knytt til Haukeland på fast tidspunkt kvar ettermiddag, prøvesvar blir tilgjengelege på nett.
Testkapasiteten på koronasenteret er tilnærma ubegrensa. Flaskehalsen blir rett og slett telefonlinjene, men det vil snart komma ei endring. Om kort tid vil det komma ei elektronisk løysing, der folk kan bestilla sjølve.
For avtale må ein ha før ein kjem til testsenteret, for det er ei rekkje ting som må vera i orden før testpersonane møter til timen.
– Kor snart kan ein få time?
– Ringer du før klokka 11 er det sannsynleg å få tid same dag, etter klokka 12 kan det vera at ein må venta til dagen etterpå.
Testen bør takast frå både halsen og nasen.
– Det er prima om me får frå begge stader, men anten hals eller nase går også heilt fint. Ingen av dei skal gjera vondt, men naseprøven vil utløysa tårer, det ser me på så og seia alle, fortel helsesjukepleiaren.
Berre test kan gi svar
Temperaturen kryp nedover i takt med at bladene fell frå trea. Det er tid for vonde halsar, tette hovud, nys og snue. No om dagane går talet på testar berre oppover, og slik trur ho det vil bli framover, influensasesongen startar i desember og varer eit stykke ut i det nye året.
Dersom feber og hoste oppstår, bør ein testa seg raskt.
– Tett og rennande nase heng saman med hausten. Det er umogleg å skilja forkjølelse frå korona, det er det berre ein test som kan svara på. Me rår til å sjå slike symptom an heime nokre dagar, blir ein raskt betre kan ein gå tilbake til normalen. Men, ein må hugsa på at ein kan komma uforskyldt med ein positiv prøve. Då er det viktig at ein ikkje kjenner på skam, viruset virkar forskjellig på oss, nokre har ikkje symptom, seier helsesjukepleiaren.
Heimeoppdrag
Det er ikkje alle som har tilgang på bil, og det må ein ha dersom ein skal testast i teltet. Men koronasenteret disponerer ein bil, slik at dei kan køyra ut for å testa personar som av ulike årsakar ikkje kan komma seg til Aksdal.