Det er kjekt å kunne halda tradisjonen med friluftsleir ved like, sjølv om me er står i ein pandemi og må ta ekstra omsyn. Me vaksne heldt avstand og hadde med antibac og eingongshanskar på tur og ved hytta. Ungdomane måtte vera færre på romma, heile huset blei brukt.
Me har arrangert friluftsleir i mange år for 8. trinn, med varierande interesse. Dette året var det 10 elevar som til slutt kom for å vera saman. Fleire var påmeldt, men grunna dei strenge retningslinjene frå Helsedirektoratet om å halda seg heime om ein føler seg slakk, var det fleire som måtte melda avbod i siste liten.
Skulen arrangerer vanlegvis tur til Kinsarvik rundt denne tida, men denne blei avlyst grunna smittevernomsyn, då var det ekstra kjekt å tilby denne leiren, slik at elevane kunne bli betre kjende med nye klassekameratar.
Vêret var heilt nydeleg, med sol til langt på kveld og spegelblankt vatn. Temaet for leiren var «Guds skaparverk», ungdomane fekk med seg biblar ut i naturen for å svara på spørsmål som var hengt opp rundt omkring i området.
Me gjekk tur gjennom skogen til ei strand der me gjorde opp bål og åt pinnebrød dyppa i sukker og kanel, og sjølvsagt marshmallows. Der fekk me prøvd oss med både spikking og tenning/laging av bål.
Søndagen gjekk med til kanopadling. Det var god stemning, og med god utsikt til fastlandet, blei me forundra over kor plutseleg hausten er her, med blader i alle slags fargar, kalde morgonar og den gode bållukta frå pipa som heldt hytta varm til me kom inn igjen.
Me gler oss til neste år.
Anne Vierdal,
trusopplærar i Sveio kyrkjelyd.