Ein stor andel av ulukkene i trafikken skjer i ein fart som berre er litt over fartsgrensa, eller for fort etter forholda. Ifølgje Statens vegvesen er det ikkje berre råkøyring som er problemet, noko mange kanskje trur.
Illustrasjonsfoto FOTO: Arkiv Ellen Marie Hagevik

Stadig fleire held fartsgrensa

4 av 10 dødsulukker i trafikken kan knytast til fart. I ein ny kampanje viser Statens vegvesen kor stor risiko det er å liggja «berre litt over» – og også kor mye tryggare det er blitt på vegen fordi fleirtalet no held fartsgrensa.

– Det er ein direkte samanheng mellom fartsnivået på norske veger og tal alvorlege ulukker. Dei siste åra har stadig fleire av oss blitt flinkare til å overhalda fartsgrensa. Dette kan me lesa av direkte i ulukkesstatistikken, med stadig færre drepne og hardt skada, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for Trafikksikkerhetsavdelinga i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Statens vegvesen har ei rekkje tellepunkt som viser fartsutviklinga på norske vegar. I 2006 heldt 45,6 prosent av alle bilane på vegen fartsgrensa. I dag held 62,1 prosent fartsgrensa. I denne perioden har tal drepne gått ned frå 242 til 108.

– Men kvar drepne og hardt skadde i trafikken er ein for mykje. I trafikken er det berre nullvisjonen som gjeld. I dag er me fleire enn 6 av 10 som held fartsgrensa. Hvis alle alltid hadde halde fartsgrensa i 2019 ville me spart om lag 24 liv og hatt 85 personar færre hardt skadde, sier Guro Ranes.