Elin Furubotn og Torbjørn Økland.
Elin Furubotn og Torbjørn Økland. FOTO: Foto: Kristin Sevaldsen

Nå blir det kulturkyrkje igjen!

Fredag 12. mars stengte Noreg ned og også Valestrand kulturkyrkje måtte innstilla arrangementa sine. No er vi i gong igjen. Kyrkja kan no samle mellom 80 og 100 tilskodarar til kulturarrangement. Utsette og nye ting kjem på programmet.

27. september ønskjer vi velkomen til del to av «Bibelreisen» med instagrampresten Per Hjemdal. Bibel-Per har 1500 følgjarar på Instagram, og besøker oss med sitt favorittema: «Bibelen».

22. oktober blir utsett konsert med Elin Furubotn, Sigbjørn Apeland og Torbjørn Økland sett opp igjen. Furubotn, med anar i Sveio, feirar i år 20-årsjubileum som artist. Det betyr nye låtar som ho og musikarane hennar endeleg kan spele for folk. Det er tredje gong ho vitjar kulturkyrkja.

8. november kjem forteljar Ivar Nygaard til Kulturkyrkja med forteljinga «Brudebåten». Inspirasjon til forteljinga har han frå Sveio og boka om misjonær Arne Valen sitt liv. Ein misjonær burde vera gift. Var han ikkje det så kunne ein få ei brud frå Norge. Derav fortelja «Brudebåten» og ein liten, men særskilt del av misjonshistoria blir fortalt.

Søndag 15. november blir det jazzmesse i kulturkyrkja. Musikarar og songarar med tilknyting til Tysværvåg kyrkje kjem til Valestrand med jazzmessa si. Prest blir Arild Steinsland

22. november blir det feiring for 80-årsjubilanten Einar Økland i Valestrand kulturkyrkje. Initiativet kjem frå ein gjeng kunstnarar frå Trondheim. Dei vil nytta tekstar frå diktsamlinga «Smil utan smilar» som Ragnhild Vannebo, skodespelar, framfører. Kari Beate Tandberg vil komponere musikk til tekstane og dei blir spela av Tandberg på klaver og saxofonisten John Pål Inderberg. «Man 80 blir ein berre ein gong om ein er heldig», seier Vannebo og gler seg til å vitja kulturkyrkja med denne framsyninga. Einar Økland vil vere til stades i salen og ser fram seg til å høyre kva desse flotte kulturfolka får til. I tillegg blir forfattar Agnes Ravatn og ordførar Linn Therese Erve med på feiringa.

I desember blir det både kulturskulekonsert og julekonsert med mannskoret. Følg med i Vestavind om korleis desse blir gjennomførte.

Arild Steinsland,
sokneprest