nyhende

Avlar varmblodshestar på Apeland

Føla blir laga med gylne dropar frå utlandet. Det vesle stutteriet har avla 27 avkom så langt, rundt halvparten på Apeland.

Publisert Sist oppdatert

Det kan ta mange år før ein hest presterer sitt beste, den er gjerne 14-15 når den er på topp. Mykje av grunnlaget ligg sjølvsagt i arbeidet som blir gjort i samspel med menneske, men ikkje minst i genane.

Gry Kristin Karlson driv oppdrett, og bruker mykje tid på å studera stamtavler. Det er lett å få greie på kva kvalitetar ein hingst har, men ein hest som utmerkar seg har gjerne ei dugande morslinje å visa til.
– Kven som helst kan driva med avl og betala for ein god hingst, men det er hoppa som avgjer – som kva morslinja har prestert i sport og avl, seier Karlson, som vil poengtera at det sjølvsagt finst unntak, og at ei god stamme har eit utgangspunkt. Sjølv har ho to av ypparste klasse.

Ei tidlegere avlshoppe frå Stutteri GK, Noesmindes Adelaide. Varmblodshesten skal utdannast i dressur av ryttar og medeigar May Elise Skauvik.

Heldig med hoppekjøp

– Dei representerer to av den beste hoppestanden i verda på morslinja, og er kjøpt frå Danmark. Dei er statspremierte i Tyskland, og er ikkje ofte for sal. Eg var veldig heldig, seier Karlson, som er stolt av at hoppematerialet på eit lite stutteri på Vestlandet har så godt premierte, friske og raske. Det gir gode utgangspunkt for avkomma, som ho ser føre seg prestera på høgaste nivå innan dressursporten i inn- og utland.

Sjølv om dei ikkje lengre er i hennar eige, vil stutterinamnet alltid følgja hesten. Slikt kan det også bli inntekter av, og draumen er å auka kapasiteten til stutteriet. Mykje eigenkapital har blitt lagt ned i drifta av oppdrettet.

Sparar og investerer

– Eg har spart og investert, og byggjer opp med det som kjem inn, men eg kan ikkje stola på at eg kan leva av å driva avl. Bransjen er for ustabil til det, seier Karlson, og viser til at utgifter til fôr, inseminering m.m. er løpande, medan inntekter etter sal av føl er meir tilfeldige.

Dei eldste avkomma frå Stutteri GK er rundt ni år, og fleire har utmerka seg.
– Det er viktig å selgja til ein god ryttar. Sjølv har eg eit godt samarbeid med ei barndomsvenninne, May-Elise Skauvik. Ho er i ferd med å utdanna ei av avlshoppene innan dressur. Ho skal også ha ein unghingst i utdanning, den har tatt del i eit eliteskue, eg er spent på kva dei får til, smiler Karlson.

Denne 1 år gamle hingsten var eit av Danmarks beste hingsteføl i fjor, og deltok i Eliteskuet. Han skal i dressurutdanning når han er gammal nok.

Tre avkom

Vestavind besøkte Apeland då sommaren var på hell og  boksane tomme, då var bestanden i Stutteri GK på sommarbeite, fordelte på eigedomen som er i underkant av 500 mål. Nærmast stallen står eit knippe hopper og årets føl.

I år har det kome tre små varmblodshestar til verda på småbruket. Mødrene deira har blitt inseminert med nøye utvald hingstesæd frå Danmark og Tyskland.

Denne 1 år gamle hingsten var eit av Danmarks beste hingsteføl i fjor, og deltok i Eliteskuet. Han skal i dressurutdanning når han er gammal nok. Foto: Privat– Eitt er solgt, eitt er fleire interesserte i, og eitt skal eg ha sjølv. Det er ei fin hoppe, som skal visast, kårast, bedømmast og stillast ut.

Sjølv om hesteinteressa er stor, blir unghestane overlatne til andre når dei skal ris inn.

– Eg er ingen aktiv ryttar, eg kosar meg på eit lågare nivå. Å bli ryttar er ei krevjande utdanning, derfor blir dei ridd inn og utdanna av profesjonelle

Hestane er store, slanke og veldig nysgjerrige. I alle fall når matmor har med seg gulrøter! Til dagleg jobbar Gry Kristin Karlson på SIM sin miljøstasjonen i Leitevegen.
Powered by Labrador CMS