nyhende
Fare for at skulebussen streikar frå måndag
Dersom det blir busstreik, vil det få konsekvensar for skuleskyssen i Sveio frå neste veke.
Det er varsla at busstreiken vil bli trappa opp frå laurdag 26. september. Streik vil ha omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile Vestland frå og med laurdag morgon, skriv Skyss på sin nettstad.
Streikevarselet omfattar alle organiserte bussjåførar i Vestland og vil, etter det me har informasjon om, påverka all busstrafikk inkludert skuleskyss med buss i fylket dersom streiken blir eit faktum.
Alle sjåførar omfatta
Bussleverandøren har sendt følgjande melding til Sveio kommune:
Streikevarselet omfatter alle organiserte bussjåfører i Vestland og vil etter det vi har informasjon om påvirke all busstrafikk inkludert skoleskyss med buss i fylket. Dette innebærer at skoleelever ikke kanbasere seg på å reise med buss til/fra skolen dersom streiken blir et faktum.
Heimearbeid er eit alternativ
– Det er heilt klart at ei streik kjem til å ramma ei stor mengd av våre elevar. Mange må gå eller sykla til og frå skulen, eller bli køyrt/sitja på i privatbilar. Rektorane vil sjølve melda frå til føresette om korleis trafikken skal organiserast i nærområdet til skulen, der det er rekna å bli trong for det, seier kommunalsjef skule, barnehage og kultur, Solfrid Lier Habbestad.
Elevar som absolutt ikkje kan ta seg fram til skulen, vil få høve til å arbeida med lærestoff heime, i dialog med skulen.
Heile reiser med drosje
– Frå Skyss har me elles fått melding om at skuleskyss med drosje i utgangspunktet vil bli gjennomført som normalt, så lenge heile reisa normalt blir utført med drosje. For elevreiser der drosjetransporten er tilførsel til ein bussavgang, vil i utgangspunktet ikkje drosjetransporten bli gjennomført, opplyser kommunalsjefen.