Mange har ikkje fått Vestavind i dag.
Mange har ikkje fått Vestavind i dag. FOTO: Irene Flatnes Haldin/arkivfoto

Karantene forseinkar Posten

Post- og avisomberinga i Sveio blei ramma frå torsdag denne veka.

I dag blei det kjend at ein tilsett i Posten er smitta av korona, og at fleire på arbeidsplassen er sett i karantene, skriv Haugesunds Avis.

Ein konsekvens av dette er at Vestavind som kom ut i går ikkje blei leverte til alle abonnentar som forventa. I følgje Vestavind sin kontaktperson i Posten og Bring kundeservice, gjeld dette områda Sveio, Førde og Valevåg. Avisene vil bli leverte så snart som råd er, blir det opplyst.

Dei som får avis med avisbod om morgonen skal ha motteke avis som vanleg, likeeins dei som får i postboksar.

Dei som ikkje har motteke avis, er velkomne innom kontoret vårt i Sveiogata 72 før kl. 15.30 i dag for å henta seg eitt eksemplar.