Korona-bilde-tipff

Kvinne i karantene testa positivt

Meldinga om at ein person i Sveio testa positivt for korona kom søndag kveld. Kommunalsjef Ingunn Toft kan fortelja at den unge kvinna alt var i karantene, slik at vedkommande no er i isolasjon.
– Resultatet kom som ein del av ei anna smittesporing lokalt, seier Toft.

No har smittesporing av dette nye tilfellet starta, alle nærkontaktar vil bli kontakta.

Ønskjer du korona-test?

Personar frå Sveio skal testast i Tysvær (Aksdal). Du må først kontakta testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Testsenteret kan kontaktast på tlf. 52 75 74 00 på kvardagar kl. 08.30–15.00.