kultur

Klassisk og moderne dans er eit nytt tilbod i Sveio kulturskule. Tatsiana Kozel er instruktør.
Klassisk og moderne dans er eit nytt tilbod i Sveio kulturskule. Tatsiana Kozel er instruktør.

Tatsiana med spennande tilbod til skuleelevar

Tatsiana Kozel har dansa sidan ho var 6 år. No skal den unge dansepedagogen og -læraren spreia danseglede i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kulturskule har endeleg fått dans som eit tilbod igjen, etter mange år utan. Det var danselæraren sjølv, Tatsiana Kozel som tok initiativet til å starta opp.

– Eg har erfaring med å vera lærar, eg starta for om lag seks år sidan, og har jobba med barn, ungdom og vaksne, fortel Kozel, som kom til Sveio for rundt eitt år sidan.

Tatsiana Kozel meistrar norsk veldig bra etter berre litt over eitt år i Noreg. – Eg har gått på Sveio vaksenopplæring sidan januar i år, og så kom korona, så det blei mykje undervisning online. Eg vil senda ei takk til den fantastiske læraren min, Elin E. Hamre, seier Kozel.

– Kjærasten min bur her, me venta lenge på å flytta saman. Plutseleg var det mogleg, seier 24 år gamle Tatsiana, som bur på Ekrene. Til dagleg er ho ballettpedagog på Kick Dansestudio i Haugesund.

Den eldste eleven ho har hatt heime i Kviterussland var 84 år, men tilbodet i Sveio vil i første omgang bli retta mot dei yngre.

To typar dans

– Eg har fleire elevar frå Sveio, og eg veit at det kan vera litt vanskeleg med logistikken, så kvifor ikkje starta med danseklassar i Sveio også, fortel Kozel. Ho tok deretter kontakt med Sveio kommune, som stadfesta at det ikkje er dansetilbod i Sveio.

– Me skal starta opp tysdag 13. oktober med to typar dans. Eg tenker at det vil vera meir interessant for folk om dei kan få velgja, seier den blide danserinna.

Klassisk dans er primært for dei som går i 1.-6. klasse, medan moderne dans er meir for dei mellom 7. og 10. klasse.

Kan vera heilt ferske

Ein treng ikkje ha noko form for kunnskap frå før av.

– Først må me sjå kor mange elevar som melder seg på, deretter nivå. Kanskje me kan ha dans til juleshowet til kulturskulen, dersom me er produktive? Det er alltid best med litt motivasjon, seier Kozel.

Kozel er oppvaksen i ein liten by som heiter Samokhvalovichi. Den ligg i nærleiken av Minsk, som ho flytta til som 15-åring. Her har ho opparbeida seg ein god del erfaring som instruktør, mellom anna innan folkedans, fitness-trening, leiar for dansegruppe og ikkje minst som ballettpedagog.

Vigdartun

Her i Sveio vil undervisninga vera i Vigdartun.
– Me startar i auditoriet, etterkvart vil me få eit rom som er tilrettelagt for mellom anna dans. Me startar opp 13. oktober, stadfestar kulturskulerektor Pål W. Jøsok.
Det er rundt 12 påmelde til no på begge grupper, men plass til fleire.

Vil du lesa meir om tilbodet? Sjekk ut Sveio kulturskule.

Powered by Labrador CMS