nyhende
Karmsund Mållag:
Treng Sveio-dialekta vår
For første gong skal talespråket på eit samla Haugalandet kartleggjast. Prosjektet heiter «Ska sei».
Karmsund Mållag har i samarbeid med Haugalandmuseene og Rogaland Historielag, sett i gong eit prosjekt for å undersøka korleis språket har utvikla seg på Haugalandet. Prosjektet startar i haust og skal vera ferdig i slutten av 2021, og har støtte frå mellom anna Kulturrådet, kommunane Haugesund, Bokn, Tysvær, Karmøy og Vindafjord, og Rogaland Fylkeskommune.
Mange støttespelarar
– Kartlegginga skal gjerast gjennom intervju med to generasjonar; besteforeldre fødd på 1950-talet og barnebarna deira. På den måten håpar me å få vita meir om korleis ord og uttrykk har endra seg, opplyser prosjektleiar Ivar Sveine. Haugesundaren har utdanning i filologiske fag og samfunnsfag, mellom anna norsk språk og litteratur.
Med seg har han eit sterkt lag med støttespelarar både frå mållag og historielag i kommunane på Haugalandet, og frå Haugalandmuseene. Petter Steen jr. er med som representant frå Sveio kommune. Som fagleg støtte har prosjektet knytt til seg Jan Kristian Hognestad, professor i nordisk ved Universitetet i Stavanger.
Intervju
Ifølgje Ivar Sveine er dei viktigaste oppgåvene framover å utarbeida ein intervjuguide som sikrar at ein får nokolunde tilsvarande informasjon frå dei som blir intervjua. Deretter skal ein rekruttera intervjuarar frå mållaga og historielaga som er med, og ikkje minst skal ein skaffa intervjukandidatar.
– Me tar sikte på å intervjua rundt 70-80 personar i den eldste gruppa, og kanskje 80-100 ungdommar. Desse blir fordelte på kommunane, så det vil vera fleire i dei store kommunane enn dei små, seier prosjektleiaren.
Inspirert av Facebook-gruppe
Svært mange er opptekne av språket vårt, og alle brukar det. Men både dialektane og skriftspråket er i endring. Det kjem blant anna fram på den populære Facebook gruppa «Ord og uttrykk frå Haugalandet og der omkring», oppretta i 2018, av leiar i Tysvær historielag, Atle Heskja. På sida er det stor aktivitet blant gruppa sine rundt 1700 medlemmer, ein klar indikasjon på at det er stor interesse for dialektar. Dette initiativet er no utvikla vidare i prosjektet «Ska sei».
Haugalandmuseene har eit stort materiale i form av gamle intervju meir enn hundre år tilbake og framover. Nytt intervjumateriale vil visa utviklinga frå om lag 1900 fram til i dag.
– Me har elles fått hint om at det fleire stader finst private opptak som ikkje er kjende for museet, og det er svært interessant å få desse fram i lyset, seier prosjektleiaren for dialektkartlegginga.