- Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio. FOTO: Vestavind arkiv

Me treng ei ny regjering som vil prioritere velferds-Noreg!

Velferda i Noreg blir først og fremst skapt ute i norske kommunar. Det er her grunnleggande tenester som blant anna skule, barnehage, og omsorg blir ytt. 

I VG måndag 29. september kunne me lese utsegn frå helseminister Høie at kommunar som ikkje klarar å få budsjetta til å gå opp, ikkje har god nok økonomisk styring. Dette er ei påstand me ikkje kan la stå uimotsagt. 

Bent Høie påstår at kommunane ikkje evnar å prioritera, men sanninga er at det er høgreregjeringa som ikkje har prioritert kommunane og soleis ikkje prioritert grunnleggande helsetenester. Gapet mellom det kommunane har å rutte med og dei oppgåvene me er pålagd frå staten har over tid blitt større og større. Påstanden frå Høie viser at Noregs helseminister ikkje har nok innsikt i korleis kvardagen er i kommunane. 

I fjor haust fekk me beskjed om eit kommunebudsjett for 2020 som er det stramaste på 16 år. Me ser i tillegg at dei siste åra har vore krevjande for kommuneøkonomien. Generelle effektiviseringar, kutt i midlar til dei med størst behov og ei rekke andre kutt har ramma kommunane sidan Høgre tok over makta i 2013. Budsjetta var allereie tøffe for kommunane. Så kom korona, og alt dette har gitt oss ei veldig krevjande situasjon. 

I kommunane er me pålagd etter lova å vedta budsjett som «går opp» og er realistiske. Det er staten som kvalitetssikrar dette. Me har ingen planar om å laga budsjett som ikkje går i balanse, og no jobbar me på høggir for å få endande til å møtast. Samstundes står me midt i ein krevjande pandemi.  Me treng derfor at regjeringa garanterer for at me vil få dekka våre kostnadar knytt til koronapandemien. Den garantien ligg ikkje føre no. 

Det er kommunane som sjølv har tatt mesteparten av både arbeidet og rekninga for stengde barnehagar, trygge sjukeheimar og heimetenester, auka kapasitet på legevakter, testing, smittesporing og innkjøp av smittevernutstyr. Det er våre barn i barnehagane, elevane på skulane og eldre på sjukeheimane som blir ramma av regjeringa si manglande satsing på kommuneøkonomi. Me er lei av at regjeringa og helseministeren, gong på gong, ikkje kan møta oss på dette. 

Foreløpig er signala at berre ein brøkdel av utgifter grunna korona vil bli dekka av regjeringa. Til dømes i Karmøy kommune syner prognosane at korona-tiltaka vil gi ein ekstra kostnad på kr 60 millionar. Til no har Karmøy berre fått dekka kr 29,3 millionar frå staten. I tillegg har alle kommunane sviktande skatteinngang og tapte inntekter. Dette er realiteten som regjeringa og helseministeren ikkje vil fortelle. 

Regjeringa burde gi ekstra økonomiske musklar til kommunane, slik at me kan påskunde investeringar, hjelpa dei utsette næringane, og ikkje minst førebu oss til nye bølger av pandemien. Å møte pandemien har vore, og skal vera, eit viktig samarbeidsprosjekt mellom stat, kommune og innbyggjarar. Me må saman ta ansvar for å sikra gode løysingar for alle. Det gjer me ikkje med å koma med usaklege og urette skuldingar mot kommunane. 

Me er glade for at Arbeidarpartiet har tala vår sak på Stortinget. For Arbeiderpartiet er det sjølvsagt at kommunane skal få dekka sine utgifter knytt til pandemien. Med Arbeidarpartiet sitt budsjettforslag for 2020 ville kommunane på Haugalandet og Sunnhordland fått totalt kr 82 millionar meir å rutte med. Våre regionsentre Haugesund og Stord ville høvesvis fått kr 16,7 millionar og 8,38 millionar meir i rammeoverføringar frå staten med Arbeidarpartiet i regjering. Sveio ville fått kr 2,78 millionar meir med Arbeiderpartiets kommuneopplegg. Det kunne til dømes gitt 3 grunnskulelærerar eller 4 helsefagarbeiderar. Det er snakk om store summar som hadde trygga kommunane. I staden for må me kutte, i tillegg til at me har ekstra kostnadar i samband med korona-pandemien. 

No må regjeringa lytte til kommune-Noreg og opposisjonen på Stortinget. Det handlar rett og slett om folks kvardag. 

La det ikkje vera tvil; me stiller opp og jobbar døgnet rundt  slik at våre innbyggjarar får dei tenestene dei har krav på. Men, me treng ein garanti frå regjeringa at staten vil ta sitt ansvar for å sikra økonomien i dette. Meir enn før treng me å dra i same retning no. 

Me er stolte av å være ordførarar i Karmøy, Haugesund, Stord, Tysvær, Sveio og Utsira. Me er stolte av korleis våre mange dyktige tilsette i kommunane, næringslivet og innbyggjarane har møtt den krisa me står i. No må regjeringa komme på bana! 

Signert Arbeidarparti-ordførarar frå Haugalandet og Sunnhordland

Jarle Nilsen (Karmøy)
Arne-Christian Mohn (Haugesund)
Gaute Straume Epland (Stord)
Sigmund Lier (Tysvær)
Linn Therese Erve (Sveio)
Marte Eide Klovning (Utsira)