Vestavind avisvifte 3

Gjekk digitalt like før korona

5. mars var ein historisk dag for Vestavind. Etter 34 år som papiravis, var tida komen for å «trykka på knappen» og bli digitale. Og så kom korona.

Nettavisa kunne ikkje kome på eit betre tidspunkt. Det skjedde mykje i starten av korona-tida og det var viktig for Vestavind å formidla det som skjedde på godt og vondt, med både nyhende og praktisk informasjon dagleg.

Digitalt er inkludert

Etter eit halvt år på nett passar det å summera litt. Alle abonnentane våre har digital tilgang inkludert i sitt abonnement, og per dags dato er det rett over halvparten som har tatt lokalavisa i bruk digitalt.

På nettet kan ein lesa ein kopi av papiravisa som E-avis, og lesa saker som blir lagt ut fortløpande.

Abonnementsansvarleg Susanne Lie Vallestad bistår gjerne dersom nokon treng assistanse for å koma over den digitale kneika. For at me skal kunne senda ut brukarnamn og passord, treng me e-postadresse og namn/adresse som abonnementet står på. Opplysningar om innlogging blir sendt ut fortløpande.

Svikt i annonseinntekter

Pandemien har ikkje berre vore positiv for Vestavind, og det har nok lesarane våre fått merka.

Annonsørar i både næringsliv og organisasjonsliv har naturlegvis også blitt berørte av korona over ein lengre periode. Det gjer at papiravisa til tider er tynnare enkelte torsdagar – rett og slett grunna få annonser.

Til fleire annonsar Vestavind har, til større avis kan forsvarast økonomisk.

Dei tre tilsette i Vestavind ser framover, og prøver å gjera det beste ut av situasjonen.