nyhende
Mobil kulturskatt treng kjærlege hender
Det finst éin buss igjen etter Sveio Billag, den er no tilbake på gamle vegar. Entusiast Kjell Inge Førland er på jakt etter fleire som vil vera med og ta vare på den over 50 år gamle kulturskatten.
Vognlista til A/S Sveio Billag tel 42 køyretøy. I 1964 kom den det ein heilt ny buss, ein Volvo B615 med sitjeplassar til 37 og rattet på høgre sida. Bussen gjekk jamt og trutt i rute på grus og asfalt i nokre år, med rute til byen og stopp mange stader i Sveio.
Men så var lokale billaget gjennom 45 år historie. Det blei fusjon med Haugesund Billag i årsskiftet 1969-1970, og bussen fekk nye fargar og nye ruter i distriktet. Seinare blei den utrangert i 1982. Bussen har sidan levd eit liv som campingbuss her lokalt, også som kyrkjebuss med Jon Kristian Rossehaug som sjåfør. Med eigarskifte fekk den adresse i Grimstad, der den mellom anna blei brukt til meinigheitstreff i Sverige.
Dei siste åra har den stått hos ein samlar i Agder. Heilt til ein kar i Haugesund med hjarte for gamle bussar fekk auge på 56 år gamle doningen gjennom skjermen.
Fann den på Facebook
– Bussen dukka opp på Facebook, den stod då på Åseral i Evje hos ein som hadde ei stor samling lastebilar og bussar. Me i RHF (Rutebilhistorisk forening avd. Haugalandet) diskuterte om bussen skulle hentast eller ei. Eg har hytte ikkje så langt vekke frå der den stod, og gjekk innom selgaren, og blei einige om ein kjøpesum for bussen, fortel Førland, som opphavleg er frå Tysvær.
Dei fleste bussar av årgangen er skrota for lengst. Ei panteordning gjer at mange av campingbussane som kunne vore redda heller blir vraka, så det var eit lukketreff at denne kom heim igjen før den ble resirkulert.
– Det som har redda mange, er at dei har blitt ombygde til å bli campingbussar, det gjeld også denne, seier Førland, og rettar ei takk til avdøydde Jon Kristian Rossehaug, som overtok bussen då den var relativt ny.
– Viss ikkje Rossehaug hadde bygd den om, hadde den ikkje stått her i dag, fastslår Førland.
Søkjer lokal interesse
Førland, som bur i Haugesund, vil forsøka å vekka kommunal interesse for kulturhistoria på fire hjul. Han trivst godt med dugnad og vil gjerne halda fram med det, men hobbyen har sine utgifter.
Nett no står bussen hos far og son Saltvedt på Ekrene hos Last Haugesund AS.
– Dei skal vera med no i starten, og klargjera bussen teknisk for restaurering, fortel han.
Er det krefter i Sveio, anten kommunalt, i næringslivet eller privat som kan tenka seg å bidra er det gode moglegheiter for det.
Førland er alt i gong med å skaffa delar til bussen, som skal bli så god som ny. Eit komplett sett med seter er alt i boks.
Livserfaring
Ombygging av gamle lastebilar har han balt med i 25-30 år. Veteranbusslaget NSB Karmøyruta og Vindafjord Veteranbusslag er to stiftingar som restaurerer bussar lokalt, Førland er engasjert i begge.
For to år sidan blei han med veterangjengen i RHF (Rutebilhistorisk Forening) i Haugesund, som har berga mange bussar opp gjennom åra. Felles med denne gjengen, er at dei sit på verdifull kunnskap, ikkje berre om korleis bussane kan setjast i stand, men også historia til kvar enkelt buss som har rulla her i distriktet.
No går mykje av fritida til pensjonisten med til omsorg for bussar, to dagar i veka mekkar han både i Vindafjord og Karmøy.
Klasserom på hjul
– Nedstrandruta er med i eit filmprosjekt som fortel lokalhistorie. Slike gamle bussar er også fint å bruka i barnehage- og skulesamanheng for å visa korleis ting hang saman før. Bussen har kulturell verdi. I si tid bandt den Sveio saman, sjåføren var gjerne bod for mange typar ærend i byen. Bussjåførane visste mykje om folk, ja, nett som Facebook i dag, eksemplifiserer den oppegåande 71-åringen, som har jobba i bilbergingsfirmaet Viking i 20 år, før han begynte å utvikla kranbilar.
Buss til Buavåg 1968
R 70303
Volvo 1964-modell
I haustleg mørke og stormkast frå vest,
smaug bussen til Buavåg seg fram
på smal veg og rundt skarpe svingar,
medan regn og sludd piska mot frontruta.
Motoren gav frå seg godmodige grynt
ved køyring i det fjerde giret,
men brumma høgt og iltert
etter nedgiring til tredje.
Bømlingen som sat på det fremste setet,
følgde nøye med på klokka,
og innsåg at det var vanskeleg
å nå ferjeavgangen til Langevåg.
Og i Buavåg såg han ingen båt.
Ekspeditøren på kaien fortalde
at ferja var blitt hefta av vinden,
men la til at ho ville dukka opp,
anten før eller sidan.
Bømlingen gjentok orda
då han steig inn på venterommet:
Anten før eller sidan.
Svein Elling Austbø