Regjeringa gir råd for korleis Halloween kan haldast i år.
Regjeringa gir råd for korleis Halloween kan haldast i år. FOTO: Privat

Råd for knask eller knep

Mange har nok begynt å gle seg til Halloween, som er laurdag 31. oktober. Rådet frå Regjeringa er at feiring bør skje utandørs, men innandørs kan også gå an. Uansett bør ein følgja retningslinjene.

Halloween kjem inn under barnebursdagar eller andre private tilstellingar. Då er det desse råda som gjeld:

  • Ikkje fleire enn 20 personar samla på ein privat stad
  • Barn som leiker og er i same gruppe i barnehage og fritid, treng ikkje halda avstand. Barn kan halda ein meters avstand til andre som ikkje er i grupper
  • Barn kan leika saman slik dei gjer i barnehage, men unngå nærkontakt
  • Handvask eller handdesinfeksjon skal vera lett tilgjengeleg. Vask hender før, undervegs og etter
  • Dei inviterte bør vera frå dei same gruppene som barnet er i barnehagen eller på fritidsaktivtetar
  • Feiringa bør helst skje utandørs. Ved innandørs feiring er det særleg viktig å ha god nok plass slik at alle som ikkje er i same gruppe kan halda ein meters avstand
  • Mat bør serverast ferdig i porsjonar, også kake. Husk reine hender, både for dei som skal servera og eta
  • Under Halloween er det til dømes lurt å pakka inn godteriet, slik at ikkje alle tar i same korg.

Folkehelseinstiuttet har også kome med gode råd for feiringa, som du kan lesa her.