«Vokalgruppa» opnar songkvelden med korsong.
«Vokalgruppa» opnar songkvelden med korsong. FOTO: Privat

Songkveld på soknehuset

Songkvelden søndag 18. oktober, vert flytta frå Sveio kyrkje til soknehuset.

Programmet denne kvelden vert variert, der eit kjent og kjært songutval frå «sangboken» står i sentrum. Prest Eirik Tappel vil halda andakt og sjølv bidra med song/pianospel. Ungdommane våre som syng i «vokalgruppa» vil opna kvelden med korsong. Ei samansett forsongargruppe under leiing av Per Bjørn Habbestad, vil styrka fellessongen og framføra nokre songar åleine.

Tre personar er utfordra til å velga seg ein «fellessong» som betyr noko for ein. Ein «leikebetont» aktivitet må vi ha med oss; Rune Hjelmeseter leier denne saman med Ingrid Furdal.

Enkel bevertning i etterkant for dei som vil drøsa litt. Ingrid Furdal trakterer tangentane og har ansvar for kvelden saman med kyrkjemusikkutvalet.

Vanlege smittevernreglar er gjeldande og huset rommar omlag 70 personar når begge salane er i bruk. Med andre ord – god plass til dei som ynskjer å koma. Vel møtt!

Ingrid Furdal