Bjørnis blei ønska velkommen av forventningsfulle born i Ekrene Natur og gårdsbarnehage.
Bjørnis blei ønska velkommen av forventningsfulle born i Ekrene Natur og gårdsbarnehage. FOTO: Privat

Fekk besøk av brannbamsen Bjørnis

Det var stor stas i barnehagen då Bjørnis nyleg var innom Ekrene Natur og gårdsbarnehage med viktige bodskap.

Noregs viktigaste bamse kallar han seg, og går også under namnet brannbamsen Bjørnis. Han er oppteken av branntryggleik og at alt er på stell i eit kvart hus og i kvar ein barnehage.

– Det var fleire som hadde nemnd oss i ein konkurranse på Facebook der vinnaren ville stikka av med pizza frå Egon Haugesund og besøk av brannbamsen Bjørnis. Samt ein liten Bjørnis bamse og mykje «Bjørnis-stasj» til borna. Borna hadde gleda seg i dagevis og øvd på Bjørnis dansen, fortel styrar i Ekrene Natur og gårdsbarnehage, Vegard Tollaksen.

Brannbamsen Bjørnis er ein maskot utvikla for å kommunisera med barn og vaksne om brannvern. Det er Norsk brannvernforening som administrerer prosjektet.