Vestlandet er den nest mest slurvete landsdelen når det kjem til refleksbruk, fortel ei undersøking utført av Norstat for Frende Forsikring. 26 prosent av vestlendingane seier at dei alltid bruker refleks. – Dette er uansvarleg og urovekkande. Det er ei ekstremt billeg livsforsikring, noko alle bør bruka i mørkret kvar haust og vinter. Begynn gjerne på Refleksdagen, seier Roger Ytre-Hauge, fagsjef på motor i Frende Forsikring.

Gjer deg klar for mørkret i dag

Bruk litt av dagen på å festa refleksar på kleda dine, for i dag er det Refleksdagen. Oppmodinga går spesielt ut til vaksne over 30 år, og menn.

15. oktober blir refleksdagen markert over heile landet. Målet er å få folk til å bruka refleks, slik at dei ikkje kjem ut for ei ulukke.

For å få éin ting mindre å hugsa på i kvardagen, oppmodar Trygg Trafikk til å bruka nokre minuttar av dagen på å festa refleksar på jakker og bagar, Kvart år har organisasjonen fysiske tellingar over heile landet, som viser at fire av ti vaksne brukar refleks – ungane er flinkast.

Stort engasjement

Refleksdagen blei arrangert av Trygg Trafikk første gong i 2006, og er alltid tredje torsdagen i oktober. Alle kan vera med, og både skular, barnehagar, verksemder og organisasjonar engasjerer seg, og minnar folk på den vesle livreddaren.

Flest ulukker skjer i byar, og når folk kryssar gata.