Plast er ei stor utfordring globalt, ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Derfor går pengar frå TV-aksjonen spesielt til tiltak i Indonesia, Filippinene og Thailand (bildet er frå stranda Phuket i sistnemnde land).
Plast er ei stor utfordring globalt, ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Derfor går pengar frå TV-aksjonen spesielt til tiltak i Indonesia, Filippinene og Thailand (bildet er frå stranda Phuket i sistnemnde land). FOTO: Kittisun Kittayacharoenpong/Getty Images

Har gitt meir andre år

I årets TV-aksjon har det vore fokus på digitale bidrag. Resultatet for Sveio er det lågaste på fem år – til no.

Til no har sveibuen gitt 216 986 kroner til TV-Aksjonen NRK, som i år går til WWF
sitt arbeid for å bekjempa plast i havet.
Det tilsvarar 37 kroner og 63 øre per innbyggjar, som er 2 kroner og 71 øre lågare enn landssnittet, som er 40 kroner og 34 øre.

Tilsvaranda aksjon fekk i 2018 og 2019 inn over 300 000 kroner frå Sveio, men det er enda mogleg å oppnå eit høgare resultat, sidan TV-aksjonen kan støttast ut desember.

På landsbasis er det samla inn kr 215 693 315 kroner.

Slik er resultatet frå Sveio måndag kl. 13.00, samanlikna med tidlegare år. FOTO: giverstafett.no