nyhende
Ingen interesse for Vikse gamle skule så langt
Ingen organisasjonar i Vikse-krinsen har så langt ytra ønskje om å kjøpa Vikse gamle skule.
– Sveio kommune har ikkje mottatt tilbakemelding frå lag eller organisasjonar i Vikse-krinsen som ønskjer å overta eigedom gnr. 70 bnr. 39, opplyser kommunalsjef i Sveio, Kenneth Tollefsen.
Sveio kommune har gått ut til lag og organisasjonar for undersøka om nokon ville kjøpa Vikse gamle skule, men då fristen gjekk ut hadde ingen i Vikse-krinsen meldt si interesse. Dermed er det opp til Straumavegen velforening kva dei vil gjera med eigedomen.
Drege ut i tid
Kontaktperson for Straumavegen velforening, Steinar Vikse, fortel at dei enno ikkje har fått noko tilbakemelding frå Sveio kommune i denne saka. Han bekreftar at velforeininga sitt ønskje om å kvitta seg med Vikse gamle skule, står ved lag.
– Bygget kostar pengar å halda, noko me ikkje har økonomi til. Denne saka har dryge svært ut i tid, no håpar me på ei ordning med det første, seier Vikse.
Overdraging med forkjøpsrett
Vikse gamle skule blei godkjent overdratt til Søre Sveio bygdeungdomslag i 1988. I samband med nedlegging av bygdeungdomslaget i 2016, aksepterte kommunen ei overdraging av bygget til Straumavegen velforening (Smørsund velforening), under føresetnad om vidareføring av forkjøpsrett og moglegheit for at andre lag og organisasjonar i krinsen kan overta bygget.
Då Straumavegen velforening ikkje lenger ønska å sitja med bygget, fekk Sveio kommune førespurnad om å nytta forkjøpsretten. Men sidan kommunen ikkje såg nokon konkret nytte for bygget til eiga verksemd, gjekk dei tidlegare ut og etterlyste om andre organisasjonar i Vikse-krinsen var interesserte i å overta huset. Dette førte altså ikkje fram.