Hoppa i havet for TV-aksjonen

Det var begynt å bli mørkt då ordføraren plutseleg kom på lovnaden på TV-aksjonsdagen. Den digitale bøssa hadde nådd målet og vel så det, og ho skulle rett og slett ta seg ein dukkert!

Bøssa som har fått flest bidrag i Sveio, er ordføraren si. 40 givarar har putta på til saman 10400 kroner sidan den blei opna. Til saman har dei åtte digitale bøssene i Sveio, som mellom anna fleire private og Sveio frivilligsentral har oppretta, fått inn 22 000 kroner.

Sende utfordringa til Etne

Utfordringa til Erve kom frå ordførar-kollega Gaute Straume Epland på Stord. Dersom bøssa nådde 5 000 kroner, skulle dei hoppa i havet for den gode saka, begge to.

– Eg utfordra Etne-ordføraren vidare, smiler Erve, som kan skriva under på at det var ganske kaldt å ta eit sjøbad i oktober.

Og på dei to andre ordførarane si Facebook-side, kan me sjå at dei også måtte halda det dei lova.