Denne veka tok ordførar Linn Therese Erve i mot sjekken frå finansrådgjevar Ylva Berg Vermundsen ved lokalkontoret til Haugesund Sparebank i Sveio. I bakgrunnen står Ruth G. Østebøvik Eriksen, varaordførar, og Line Remøy Bertelsen, som også er finansrådgjevar.
Denne veka tok ordførar Linn Therese Erve i mot sjekken frå finansrådgjevar Ylva Berg Vermundsen ved lokalkontoret til Haugesund Sparebank i Sveio. I bakgrunnen står Ruth G. Østebøvik Eriksen, varaordførar, og Line Remøy Bertelsen, som også er finansrådgjevar. FOTO: Irene Flatnes Haldin

– Me gir 10 000 kroner frå kvart avdelingskontor til ei god sak

Sjølv om alle monnar drar, kan ein ikkje sjå vekk frå at Haugesund Sparebank sitt bidrag til TV-aksjonen er generøst. Mange bedrifter har vore gåvmilde i år.

Denne veka kunne dei to finansrådgjevarane ved Haugesund Sparebank sitt avdelingskontor i Sveio sentrum overrekka sjekken, som hadde 10 000 kroner påskrive i beløpsruta.

– Me er glade for alle som er med og støttar, seier varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen.

Ikkje bankdugnad i år

Tidlegare år har banken bidratt i form av arbeidstimar på innsamlingsdagen.

– Me har talt pengar og stått for kake og mat til bøssebærarar. Det har me ikkje gjort i år, derfor var det fint å støtta denne gode saka med pengar. Me gir 10 000 kroner frå kvart avdelingskontor til ei god sak, 50 000 kroner frå Haugesund Sparebank totalt, opplyser Line Remøy Bertelsen.

Beløpet stig

Totalbeløpet frå innbyggjarar og verksemder i Sveio kommune har auka sidan sist, over 230 000 kroner ligg i potten til WWF. Det tilsvarar 40,30 kroner per innbyggjar, og er 2,42 kroner under landssnittet – og rundt 70 000 kroner mindre enn i 2019.

Torsdag kveld har det kome inn 228 417 981 i heile landet.

Givar Beløp
Sveio Arbeiderparti 1530
Albatross Spa 500
Habitat MCI A/S 1000
Albatross Fitness 1000
Bjelland Elektro 1000
Byggmester Lars Osa AS 500
Catering Spesialisten 2000
Estetikk AS 200
Førde Auto 1000
Geir Flatnes AS 2000
Haugesund Sparebank Sveio 10000
Haugland Storhusholding AS 2000
Haukås Bensinstasjon AS 2000
Haukås Bilverksted 2000
Helifuel 5000
KIWI Sveio 1500
Last Haugesund AS 1000
Mesterbygg Sveio 1000
Millimeter 500
Multimekanisk 1000
Norsk Lek og Park 2000
Nygård Tak AS 5000
Nærbutikken Auklandshamn 500
Sveio Auto AS 2500
Sveio Blomster og Gaver AS 2500
Sveio Byggsenter 1000
Sveio Senter AS 5000
T. Halleland AS 3000
Valevåg Landhandel 500
Vestavind Bygdeblad 300
Sveio kommune 10000
Sveio Frivilligsentral si innsamling 950

Kjelde: giverstafett.no, torsdag 22. oktober.