<a href="https://www.freepik.com/photos/hand">Hand photo created by wirestock - www.freepik.com</a>
FOTO: freepik.com

Så var tida her igjen

Natt til søndag 25. oktober skal klokka stillast éin time tilbake til vintertid, eller normaltid. Nabolanda våre i Russland og Island har berre éi tid å halda seg til, medan Sverige, Finland og Danmark har sommartidsordning.

At me stiller klokka to gonger årleg kan vera ei ulempe for både barn, dyr og andre som har sine faste rutinar. Men veit du årsaka til at me stiller klokka i mars og oktober?

Kol og insekt

Forklaringa med sommartidsordninga er at nokre land innførte sommartid under første verdskrig for å spara kol som skulle brukast i krigen. Det blir også sagt at George Hudson var den første til å foreslå sommartid – forskaren ønskte seg meir sol å kvelden for å samla insekt, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Men no er nok ikkje behovet for å spara på kol like stort. Næringsminister Iselin Nybø er den som har ansvar for Justervesenet og nøyaktig tid her i landet, ordninga er kanskje på veg til å avviklast, men det er ikkje bestemt.

Beklagar

– Eg beklagar på det sterkaste at 2020 blir enda ein time lengre, dette har alt vore eit krevjande år for veldig mange, seier ho.

Europakommisjonen la i 2018 fram eit forslag om å avvikla ordninga med å stille klokka fram og tilbake. Status for forslaget er framleis uvisst. Rådet har ikkje vedteke forslaget, og det er ikkje klart om ein vil jobba vidare med forslaget i EU.

Opp til kvart land

–  Det er mange som meiner mykje om å stilla klokka. Skulle forslaget bli vedteke i EU, blir det opp til kvart EU-land å bestemma om dei ønskjer å bruka sommar tid eller vintertid som normaltid, seier næringsministeren.