Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK
Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK

Politiet er ordknappe om pågriping i Førde

Om kvelden, fredag 4. september, fekk Vestavind tips om ein politiaksjon i Førde. Politiet er ordknapp om hendinga.

– Det var på grunnlag av ei anmelding at politiet den aktuelle kvelden pågreip ein person i Førde. Saka gjaldt ei straffesak som framleis er under etterforsking, opplyser Helge Varne, avsnittleiar vold og sedelighet, ved Haugesund politistasjon. Han kan ikkje på det noverande tidspunkt seia noko meir om denne saka.