Åpner vi opp for fort, kan vi miste kontrollen over viruset og spredningen, skriver statsminister Erna Solberg.
Erna Solberg. FOTO: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Covid-19: Nye nasjonale innstramingar frå denne veka

For å ta vare på liv og helse, og unngå at Noreg kjem i same situasjon som mange europeiske land, innfører regjeringa nye, målretta tiltak fram til tidleg i desember.

I ettermiddag kom det ei pressemelding frå regjeringa, som seier at Noreg no har det høgaste tal innlagde personar med covid-19 sidan mai.
– Me står føre den mest alvorlege situasjone med å snu smitta sidan mars. Dersom me tar eit krafttak no, er det mykje større sjangs for at me kan få ei normal julefeiring, seier statsminister Erna Solberg.

Ho understrekar at det er avgjerande for smitteutviklinga korleis me opptrer i vekene framover.

– Må setja inn nye tiltak

– Me må dessverre vera førebudde på at det vil bli fleire innlagde på sjukehus med covid-19 framover, og det vil bli fleire alvorleg sjuke. Me må setja inn nye tiltak for å snu utviklinga, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

I august hadde me 300 smitta i veka, tilsvarande tal for september var 700 smitta, og i oktober er 900 nye smitta i veka. Den siste veka har smitten auka vidare, også blant dei eldste.

– Gode og målretta tiltak

– Kommunane har rusta opp beredskapen, og vist at dei kan handtera lokale utbrot. Nøkkelen til å slå ned smitta er gode og målretta tiltak. Nå får kommunane enda fleira verktøy, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Ny kunnskap om viruset, viser at det ikkje er behov for så strenge råd for dei yngste.


Følgjande tiltak trer i kraft ved midnatt, natt til onsdag 28. oktober:

  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Dersom alle gjestene er frå same husstand, kan ein vera fleire. Då kan to familiar møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensninga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- og barneskulehortar. Barn og unge som er i same kohort i barnehagen eller barneskulen, er unntatt frå avstandskravet på arrangement.
  • Me anbefalar at alle er saman med færre personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med mange forskjellige personar i løpet av ei veke.
  • Private samankomstar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale skal ha ei grense på maksimalt 50 deltakarar.
  • Dagens adgang til å ha 600 personar til stades på utandørs arrangement, avgrensast til å gjelda arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte seter.
  • Regjeringa foreslår å styrka kommunane når det gjeld kontroll med etterlevinga av reglane for arrangement, serveringsstadar og arbeidstakarar.

I tillegg er det nye karantenereglar og lokale tiltak som kommunar med høg smitte bør vurdera å setja i gong. Meir på regjeringa.no