Oversiktskart over ulukker med vilt og motokøyretøy i Sveio.
Oversiktskart over ulukker med vilt og motokøyretøy i Sveio. FOTO: Hjorteviltregisteret

Fleire påkøyrslar av vilt – her har ulukkene skjedd i år

Som bilist bør ein vera ekstra merksam på vilt som kryssar vegen. I 2019 var det ni påkøyrslar, til no i år er det registrert 15.

Du har kanskje lyst opp to par auge med billysa i mørkret, ofte står dei berre og ser forundra på køyretøya som durar forbi. Av og til finn skogsdyra på å kryssa vegen når kysten ikkje er klar, og at det kan vera vanskeleg å stoppa i tide på kort varsel, har femten bilistar på Sveio-vegar fått erfara i år, i følgje Hjorteviltregisteret.

Ring 02800

– Kjem du ut for å køyra på eit dyr, har du plikt til å melda frå. Skadde dyr vil ofte gøyma seg, og er vanskelege å finna, dermed kan dei bli liggjande i fleire dagar, og lida ei smertefull død. Det er straffbart å etterlata skadde dyr, opplyser Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Skadar på eige køyretøy ved påkøyrsel av dyr blir dekka av kaskoforsikring. Dersom uhellet er ute, kan Politiet kontaktast på 02800, så rekvirerer dei viltnemnda.

Fem hjort og tre rådyr er registrerte som fallvilt i Sveio etter påkøyrsle i 2019. Hjortevilt som døyr av andre årsaker enn jakt, blir kalla fallvilt. Oversikta oppsummerer påkøyrslar med motorkøyretøy til no i år:

Dato Stad Art Alder Utfall
29. februar Rasteplass E39 Hope Hjort Vakse dyr Avliva på staden
19. mars (ikkje oppgitt) Rådyr Vakse dyr Dødt på staden
25. mars (ikkje oppgitt) Hjort Ungdyr Dødt på staden
05. april Ekrene Rådyr Vakse dyr Dødt på staden
07. april Liagjerdet Rådyr Vakse dyr Dødt på staden
17. april Krossgått Rådyr Vakse dyr Avliva på staden
29. april Ekrene Rådyr Ukjent Ettersøk avslutta – ikkje funne
05. mai E39 sør for Kvalvåg Rådyr Vakse dyr Avliva etter ettersøk
05. juni Drange Rådyr Vakse dyr Dødt på staden
08. juni Eikeland Rådyr Ukjent Ettersøk avslutta – ikkje funne
09. juli Lid Rådyr Vakse dyr Avliva på staden
18. juli Vihovda Hjort Vakse dyr Observert – antatt uskadd
25. juli Hinderli Rådyr Kalv/årsunge Dødt på staden
29. juli Lid/Hinderli Rådyr Kalv/årsunge Ettersøk avslutta – ikkje funne
14. september Vihovda Hjort Kalv/årsunge Ettersøk avslutta – ikkje funne
16. oktober Nyland Rådyr Kalv/årsunge Avliva på staden