Ordføraren var ikkje aleine om å vera skuffa over vedtaket som tok føre seg fordelinga av 350 millionar kroner frå Haugalandspakken.
Stod om eit vegstykke
Til trass for solid oppslutnad for eit framlegg om å prioritera ny veg mellom Ekrene og Vikse for nokre månadar sidan, gjekk fylkestinget i Rogaland inn for å byggja veg på Fylkesveg 47 mellom Fagerheim og Førland i Haugesund kommune.
Sveio får litt av potten, det er vedteke at 15 millionar kroner brukast til trafikksikring til Fv 47 ved Rophus.
Vil påverka løysingar
Ordførar Linn Therese Erve orienterte dei folkevalde i formannskapet om utfallet måndag kveld.
– Det er ikkje avklart kva som ligg i dei 15 millionane, dette prosjektet har eit usikkert kostnadsestimat. Det er ikkje gått grundig til verks for å sjå kva moglegheiter ein har. Eg tenker at me har kan påvirka kva tiltak som skal gjerast, seier Erve, og trekk fram sikker kryssing av vegen for ungdomsskuleelevar.
Triste greier
Rune Teikari (FrP) synest det er triste greier at det ikkje gjekk Sveio sin veg når det gjaldt prioritering av prosjekt. Vårt nye fylke, Vestland, let nabofylket ta avgjerda.
– Me må vera hardare på partigruppene våre. Eg opplever dei som for nordoverretta, sa Teikari, og kom med eit hjartesukk.
– Eg reagerer på at Rophus blir slengt inn som eit forhandlingskort, sa Erve, og fekk bekrefta at varaordføraren sat med liknande tankar.
– Eg er ikkje overraska over hestehandelen. Dei klarar ikkje å sjå kva kommunane har bede om, sa ei lite imponert Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP)
Det var litt diskusjon rundt kva tiltak som kan gjerast, fleire slutta seg til tanken om å finna ei god kryssløysing som fungerer for framtida.

Utvikling av nærings- og bustadområde
– Me bør søkja løysingar som gjer det enkelt å kopla seg på siste byggetrinn av vegen, frå Fagerheim til Ekrene, og at me finn kryssløysingar som er med på å utvikla næringsområdet og bustadområdet, slik at me har moglegheit for å få ein arm ut til fylkesvegen, sa Erve.
Lars Einar Hollund (H) kom med eit innspel om at ein bør avklara påkøyring før utbygginga av Ekrene Vest tar til.
– Me må ha dialog med Vestland for finansiering til rundkøyring, sa han.