nyhende
Held skulen stengt for seks klassetrinn til og med måndag
Etter at ein lærar ved Sveio skule fekk påvist covid-19 tysdag kveld, har det idag vore eit intensivt arbeid med å avdekka kven vedkommande har hatt kontakt med. I skrivande stund er 150 elevar og lærarar rekna som nærkontaktar, og dermed i karantene fram til måndag. Godt nytt er at dei få prøvesvara som er komne, er negative.
Ungdomstrinnet og mellomtrinnet på Sveio skule vil vera stengt til og med måndag, elevane frå 5.-10. klasse skal ha heimeundervisning. Per no er rundt 150 er sett i karantene ut i frå den eine smitta.
Heimeundervisning
– Talet vil endra seg i takt med korleis smittesporingsarbeidet går. Det er ikkje alle elevar og lærarar som er nærkontaktar, men men det er eit stor tal, derfor er det mest hensiktsmessig med heimeundervisning, seier ordførar Linn Therese Erve onsdag ettermiddag.
Småtrinnet og SFO held ope frå og med i morgon.
– Det er gjennomført reinhald, slik at det vil vera klart til å ta i mot elevar frå 1.-4. klasse, opplyser Erve.
Raske resultat
Læraren har hatt kontakt med ei stor gruppe i samband med undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Alle som til no er rekna som nærkontaktar er varsla, dei er sterkt oppmoda til å testa seg. Koronasenteret har ekstra opningstid i kveld for å imøtekomma alle bestillingane.
– Prøvesvara skal analyserast i Haugesund og Stavanger, me forventar raske resultat, og me har alt fått nokre få, negative prøvesvar, seier Erve.
– Korleis går det med den som er smitta?
– Vedkommande har lettare symptom no enn kva det har vore, det skal gå fint.
Smidig arbeid
Ordføraren er tilfreds med korleis arbeidet i dag har vore.
– Me har gått gjennom fleire rundar med smittesporing og tilfelle av smitte, det blir jobba effektivt, og det går smidigare for kvar gong, seier ho.
Nærkontaktane er i karantene fram til måndag 2. november – det gjeld også om ein får negativt svar.
Måndag vil ein ha overblikk over situasjonen, slik at det då vil bli tatt ei ny vurdering om skulen skal opnast for alle då.
Hugs smitteverntiltak
– Dette er ei påminning om at pandemien ikkje er over. Det er viktig å overhalda smitteverntiltak, særleg no når regjeringa har kome med nye retningslinjer, seier Erve, og ber alle om å bruka vanane og tankesettet me har lært oss til den siste tida.